Heim

LogoVelkomne til Oppstryn IL sine nettsider! På menyen over kan du velje dei ulike aktivitetane. 

AKTUELT

Oppstryn Idrettshus opnar att 15. juni 2020
Oppstryn Idrettshus opnar opp for uorganisert trening frå og med måndag 15. juni. Alle som trenar, må halde seg til smittevernreglane som gjeld for treningssenter.


Trekning påskebasaren 2020
Grunna Covid-19/Korona situasjonen vart årets basar avlyst, men det var mogleg å kjøpe lodd på bøker. Trekninga vart gjort 7. april, og inntektene frå bøkene enda på 19.560,-. Tusen takk til våre sponsorar og alle som støtta med å kjøpe lodd. Trekningslista finn du her (pdf).


Temakveld «Ernæring og basistrening»
Måndag 11. november kl. 18.30-20.30 på Stryn VGS (auditoriet). MÅLGRUPPE: ivrige foreldre, trenarar, (in)aktive vaksne, idrettsungdom – ja, alle som er interesserte i (basis/styrke) trening og ernæring/kosthald (all trening/ idrett. Førelesarar er  Mathias Lilleheim (konsulent spesif. trening) og Heidi Holmlund (klinisk ernæringsfysiolog).  Begge har vore/er tilknytta Olymptiatoppen. Gratis inngong.


Organiserte treningar i Idrettshuset vinterhalvåret 2019-2020
Nye aktivitetstilbod er komne i Oppstryn Idrettshus. Les meir.


Aktivitetsleiarkurs for barnefriidrett 2018
Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterar til aktivitetsleiarkurs for barnefriidrett. Kurset har som mål å gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år. Kursinnbyding 2018 (.pdf)


Aktivitetsleiarkurs hausten 2017
Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og meistring. Ein treng ingen førekunnskapar og det blir mykje praksis og aktivitetar. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar. Les meir her


KM og Krinsleikar på Byrkjelo stadion 19-20. august.
Det blir KM-helg på Byrkjelo for alle aldersbestemte klassar frå 13 år, samt senior og veteran. For aldersgruppa 10-12 år vert det i same stemne Krinsleikar med deltakarpremiering. Klikk her for meir informasjon (.pdf)


Oppsummering av fotballsesongen 2016
Ståle Sunde har oppsummert sesongen 2016, samt oppsummert dei siste 37 åra. Klikk her for å sjå oppsummeringa.


Ny lovnorm – ekstraordinært årsmøte 26. september 2016
Alle idrettslag skal ha ei lov som er i samsvar med NIF sitt regelverk og lovnorma. Lovnorma er ufråvikeleg og inneheld eit minimum av det idrettslaget må ha i si eiga lov. Alle lovendringar må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore oppført på saklista og krev 2/3 fleirtall av dei avgjevne stemmer. NIF sitt regelverk er tilgjengeleg på idrettsforbundet.no.
Den generelle lovnorma for idrettslag (.pdf)
Endringar for Oppstryn idrettslag (.pdf)
Sakliste ekstraordinært årsmøte (.pdf)

BasisBall startar opp 18. august!
Torsdag 18. august kl. 20.00 brakar det laust med BasisBall-trening i Idrettshuset. Vi håpar mange sambygdingar vil bli med på effektiv, tøff og morosam trening kvar torsdag framover. Det kostar 50 kr per trening (medlemskap i Idrettshuset er ikkje naudsynt for å delta). Inntektene går som tidlegare til Idrettslaget. Instruktør: Benedicte Sundgot Greidung og Tine Camilla Rosenvinge.

 


 

Pumptrack og skatepark på plass
I 2014 fekk Oppstryn IL i samarbeid med Folven Camping tildelt midlar frå Gjensidigestiftinga til å bygge pumptrack og skatepark på Folven i Hjelledalen. Sjå artikkel frå den offisielle opninga her.


Iren Flo tilkjend krinsrekord i friidrett
Dei siste åra har statistikkutvalet i friidrettskrinsen utført ein del ajourføring av gammal statistikk. Blant anna har krinsen sin statistikk blitt samanlikna med forbundet sin for å sjekke om alt er likt for utøvarane frå vårt distrikt. Då viste det seg at forbundet opererte med Iren Flo som den beste frå Sogn og Fjordane i 7-kamp. Her i krinsen har Gunn Marit Haugsbø frå Bygstad, no kjend som leiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, hatt rekorden sidan 1984. Iren sin 7-kamp frå 1987 har stått på 2.plass med 4444 poeng. Etter kontrollrekning fann ein ut at Haugsbø sin 7-kamp var feil utrekna, og er no nedjustert frå ca. 4500 poeng til 4380. Dette betyr at Iren Flo endeleg har fått tildelt krinsrekorden.


Fantastiske resultat av Ingar Hjelle i UM 2014
UM 2014 i Haugesund vart ein formidabel suksess for Ingar Hjelle frå Oppstryn IL. Han tok gull i høgde, og i tillegg ein 4. plass i stav og ein 5. plass i diskos. Friidretten i Sogn og Fjordane gjorde det godt med  totalt 7 gull, 4 sølv og 4 bronse. Les meir på Fjordingen.no


Ingar Hjelle to riv unna sølvmedaljen
Ingar Hjelle tok bronse i UM gutar 15 år i stavsprang, 9.mars 2014. Han hoppa like høgt som sølvvinnaren, men trong to forsøk meir. Hjelle persa seg med ti cm og hoppa 2,90. Sondre Guttormsen hoppa 3, 81 og sette med det meisterskapsrekord. Tidlegare same dagen tok Hjelle ein sterk 6. plass i høgde, etter eit hopp på 1.70 meter. Sjå meir hos Fjordingen.no.


Dersom du har informasjon som du syns bør inn på nettsida, send ein e-post til ahblakset (a) hotmail.com.